STAS - Ryfylke opnar

Gode medlemmer

STAS - Ryfylke har jobba fram til ei løysing som gjer at me frå 1. oktober opnar senteret att. I første omgang vil me opna med noko redusert opningstid, senteret vil vera stengt tysdag og laurdag. Opningstida blir 05:30 – 22:00.

Gruppetrening starte opp i veke 42. 

 

Som ein følge av covid-19 pandemien blir det begrensingar, og me må forholde oss til bransjestandaren som gjeld for treningssentera. Eit viktig tiltak for å hindre smitte spredning er auka reinhald.

 

Treningsreglar ved STAS – Ryfylke:

·   Symptomfri

·     Alle må registrera sine besøk med appen/personleg brikke ved trening

·     Alle må melde seg på gruppe timar via appen eller nett

·     Vask hendene/ bruk håndsprit før og etter trening

·     Ha med eigen matte og anna utstyr som strikkar, vektbelte o.l.

·     Bruk handkle og reine innesko ved trening

·     Reingjer apparater og utstyr etter bruk

·     Ved uthaldstrening må det vera 2m avstand

·     Ved styrketrening og ellers på senteret 1m avstand

·     Redusert antal plassar ved gruppe trening

·     Garderobane og BasisBall salen er stengt

 

I første omgang opnar me for at de kan trena når de ønskjer, men om det vert for mange inne samstundes kan me bli nødt til å legga opp til booking av tid, også for eigentrening. Medlemsavgifta starte å trekkes den 20. Oktober.

 

Medlemsappen vår, boost system har fornya seg. Så før du går å trene sjekk om den er oppdatert, og du er innlogga.  

 

STAS -Ryfylke vil at alle skal trene trygt hjå oss, så alle må følge treningsreglane våre.

Alle har eit ansvar, og saman skal me klare dette, me glede oss til ein aktiv haust!

 

Lure du på noko ? Ta kontakt på post@stas-ryfylke.no eller på facebook.

 

STAS - Ryfylke

 

Tilbake

Opningstider

Sand

Opningstider:
Måndag: 05:30 - 22:00
Tysdag: STENGT
Onsdag: 05:30 - 22:00
Torsdag: 05:30 - 22.00
Fredag: 05:30 - 22:00
Laurdag: STENGT
Søndag: 05:30 - 22:00

Ein må i hovudsak bruke appen boots system for å kome seg inn på senteret. 
Medlemskapet er personleg. Tar du med deg andre inn utan avtale du er dette brudd på kontrakten og du må betale ei bot.

Har du spørsmål angåande medlemskap, faktura eller treng du annan informasjon ?
Kontakt oss på:
post@stas-ryfylke.no
Facbook
Instagram

Følg oss gjerne på facebook og instagram.


 

Bestill time